Personvernerklæring

1. Om Sogn Gravferdshjelp as

Eigar av denne nettsida er: Sogn Gravferdshjelp as, Parkvegen 3, 6856 Sogndal
Epost: post@sogngravferdshjelp.no. Vårt org. nr er: NO 926 934 619 .  


2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr og fødselsnummer. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
 

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.


4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kontaktpersonar med namn, adresse, epost og telefonnr. I tillegg lagrar vi opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt kunderregister, sjå kapittel om sletting under. 
 

5. Informasjonskapslar

Sogngravferdshjelp.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.


6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.


7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt kunde-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
 

8. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
 

9. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Sogn Gravferdshjelp på epost: post@sogngravferdshjelp.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  

 

10. Underleverandørar (databehandlarar)

Sogn Gravferdshjelp as nyttar underleverandørar for å administrere kundeforhold og tenesta Planlegg gravferda. Databehandleren skal etter avtale med oss handsame personopplysningane dine på den måten vi bestemmer. Vi pålegg databehandlaren å sørge for en forsvarleg informasjonssikkerheit, herunder at persondata ikkje kan overdragast til andre.
 


11. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Sogn Gravferdshjelp as er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på post@sogngravferdshjelp.no