Vegen vidare

Når vi mister nokon som står oss nær, skjer det noko med oss. Livet blir forandra. Vi opplever det å miste våre næraste veldig ulikt, og vi har difor ulike behov på vegen vidare.

Mange opplever at ein er usikre i forhold til vener og kjente som har hatt dødsfall i familien, og det kan difor vere vanskeleg å ta kontakt. Dei aller, aller fleste set likevel stor pris på eit handtrykk, eit smil eller ein klem.

Når døden inntreff, vil ein som næraste pårørande ofte føle savn og vemod over eit liv som er avslutta.

Det finst personar i lokalmiljøet som kan kontaktast, dersom ein føler behov for profesjonell hjelp i si sorg; prestar, diakonar,  helsepersonell, sorggrupper eller andre medmennesker.

Våre tilsette kan gi deg meir informasjon om dette.