
Når du mister ein av
dine næraste
Planlegg gravferda
På desse nettsidene gir vi informasjon om tenestene våre, slik at vi har eit godt, felles utgangspunkt for ein samtale.
Ta kontakt
Ta kontakt om du treng hjelp til planlegging av gravferd, eller om du t.d.har spørmål knytt til eit dødsfall. Våre tilsette har lang erfaring og god lokalkunnskap.
Vakttelefon
Vår kontortid er man.-fre. 08.00-15.30.
Har du behov for vår hjelp utanom vår kontortid, kan du nå oss på tlf 57 68 14 77
Gravferdshjelp i Sogn
Sogn gravferdshjelp er eit tradisjonsrikt gravferdsbyrå som vart starta opp i 1971. Vi yter hjelp ved dødsfall og gravferd hovudsakleg i kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal, Lærdal og Årdal.
Sogn Gravferdshjelp AS er etablert med kontor i Sogndal og Årdal og kan yta god hjelp i heile distriktet.
Våre medarbeidarar er profesjonelle, har god lokalkunnskap og lang erfaring i å møte menneske i sorg.