Melding om dødsfall
Sogn Gravferdshjelp hjelper til med å melde dødsfallet til dei offentlege etatane. Unnateke er melding om arv og skifte. Dei etterlatne må sjølve sende inn skjema for arv og skifte til lensmann/skifterett i avdøde sin kommune i løpet av 60 dagar etter at døden inntraff. Hjelp og rettleiing til val av skifteform og/eller utfylling av skifteskjema kan ein få hjå lensmann/skifteretten, eller ved å kontakte eit advokatkontor.
Etterlatne må sjølv sende melding om dødsfallet til m.a:
Bank, forsikringsselskap og fagforeining
Posten
Telefonselskap og nettleverandør
Straumleverandør
Statens vegvesen/køyretøyregisteret
Burettslag/husvert
Abonnement, aviser og tidsskrifter
Foreiningar
Hjelpemiddelsentralen
Sosiale medier