Trygdeytingar og stønader
Dersom avdøde mottok pensjon frå NAV, vil siste utbetalt vere for dødsmånaden. Om avdøde hadde tilleggspensjonar vil mange av desse ha siste utbetaling påfølgande mnd. etter dødsfallet. Gjenlevande ektefelle eller mindreårige barn kan ha rett på trygdeutbetaling etter tap av ektefelle/forelder. Sjå NAV Trygd for meir informasjon.
Gravferdsstønad
Gravferdsstønad frå NAV er behovsprøvd og vert gitt til dekning av faktiske, nødvendige utgifter i samband med gravferda.
Maksimalt stønadsbeløp finn du på NAV sine nettsider. Stønaden vert avkorta mot formue, forsikringsbeløp m.m.
Er avdøydde under 18 år, er det inga behovsprøving mot formue m.v. NAV yter stønad som dekkjer utgiftene opp til maksimalt stønadsbeløp.
Vi kan hjelpe til med å sende søknad til NAV.
Transportrefusjon
Når den samla avstanden frå dødsstaden til næraste naturlege gravstad (i forhold til bustadadresse) overstig 20 km, vert utgiftene til båretransporten dekka med unntak av ein eigenandel. Vi hjelper deg å sende refusjonskrav til NAV.
Dersom ein vel gravstad og/eller seremonistad som ligg lenger borte frå dødsstaden en næraste naturlege gravstad, må familien sjølve betale meirkostnaden med båretransporten.
Forsikring og gravferdskasse
I nokre forsikringar ligg det ein utbetaling knytt til dødsfallet. Ei rekkje fagforeiningar utbetalar også gravferdsbidrag (gravferdskasse) for sine medlemmar og i nokre tilfelle også for medlemmane sin ektefelle. Pårørande må sjølve melde inn dødsfallet til forsikringsselskap og fagforening for å få informasjon om deira utbetalingar og stønadsordningar.