Dødsannonsen
Dødsfall vert som regel kunngjort gjennom dødsannonse i ei eller fleire aviser. Ønskjer de som etterlatne at seremonien skal finne stad i stillheit, kan annonsen tilpassast dette. Det er ikkje noko krav til at eit dødsfall må bli annonsert.
Erfaring viser at openheit kring omstenda og deltaking frå personar utanfor den næraste familien kan vere ei god støtte i sorga. Det er dei etterlatne som tek den endelege avgjerda om kunngjering av dødsfall. Dødsannonsa kan rykkjast inn så snart tid og stad for seremonien er bestemd.
Vi hjelper deg med å sette opp forslag til dødsannonse. Dødsfallet vert då også kunngjort på våre minnesider