Døden kjem brått, sjølv når han er venta
Sjølv når alder eller sjukdom gjer døden til ein naturleg utgang, kjem det ofte brått på. Stilt ovanfor døden reagerar vi på ulikt vis. Nokre gonger er situasjonen rundt eit dødsfall slik at tida etterpå vert svært vanskeleg for dei som står att. Andre gonger kjem døden som ei lette.
Vi gjer vårt beste for å komme etterlatne i møte, i den situasjonen de står i. Vi kan ta hand om alle praktiske sider ved gravferda:
I dei fleste tilfeller vil det vere ynskjeleg med ein samtale med dei næraste, anten på våre møterom, heime hjå familien eller pr. tlf. og epost.
I ein slik samtale går vi gjennom m.a:
Val av kiste
Fastsetjing av seremonitider
Dødsannonsar og innrykk
Minneside
Utveljing av songar og produksjon av seremoniprogram
Minnebok frå gravferda
Solistar til solosang og musikkinnslag
Blomsterbestilling til seremonien
Pynting og assistanse under seremonien
Minnesamvær
Gravferdsstønad frå NAV
I tillegg tek vi også hand om m.a::
Stell av den døde
Bårebil med sjåfør og eventuelle medhjelparar
Henteteneste ved dødsfall i heimen
Kontakt med gravferdsetat/kyrkja
Kontakt med seremonileiar/prest
Kontak med musikar/organist
Båreandakt
Melding av dødsfall til offentlege kontor
Gravmonument og inngravering av namn
Transport av kiste i inn- og utland