Meir informasjon om musikk
Kyrkelege seremoniar
Musikk har alltid stått sentralt i den norske kyrkja. Forrettande prest og organist kan gje råd i val av musikk, og dei skal også godkjenne val av salmer og sangar. Organisten har fagleg tyngde musikalsk og ofte lang erfaring med kva som fungerar godt ved gravferd. Kontakt med prest og organist på eit tidleg tidspunkt gir ofte gode løysingar.
Humanistiske seremoniar
Ved humanistiske seremoniar vil kyrkjerommet ikkje verta nytta, og ein står fritt i val av musikk. Både Human-Etisk forbund og Sogn Gravferdshjelp kan hjelpe familien med å finne seremonimeistar, og vi kan bistå familien i val av musikk.
Forslag til salmar
*Salmar 97 #Landstad (c med vertikal strek) 316 salmar, E. Skeie
Ved gravferd for barn og ungdom
Frå tid til anna kjem det ønskje om å spele av musikk frå musikkanlegg. Ei gravferd er ei svært spesiell hending. Avskjeda er ein eingangshandling, og levande musikk er kunst skapt i denne augneblikken. At alt skjer her og no gir tyngde til seremonien. Difor har levande musikk så stor verdi i ein seremoni, og kan difor ikkje sidestillast med eit opptak. Ofte kan musikken ein kjenner frå opptak fremførast levande, med godt resultat.
Sogn Gravferdshjelp kan hjelpe etterlatne med å finne solistar og musikarar.