Meir informasjon om spreiing av oske

Det er fylkesmannen i fylket der ein ønskjer å spre oska som gir løyve til spreiing.Ein person som har fylt 15 år, og som ønskjer oska si spreidd for vinden, kan sjølv søkje om dette til fylkesmannen. Det er eit vilkår at spreiing av oske føregår i sømmelege former og på eigna stad, og at oska ikkje vert delt, men vert spreia samla ein stad. 

Kvar kan oska bli spreidd

Ein av intensjonane bak bestemmelsane om kva oska kan bli spreidd, er at det skal skje på ein slik stad at oska vert teken opp att naturen sitt kretsløp, og at oska senere ikkje kan finnast att. Det betyr at området bør ha eit øde preg utan nærleik til busetnad eller der ein kan forventa at busetnad kjem. Det bør heller ikkje vere eit populært utfartsområde, jf. Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementets (FAD) rundskriv P-8/2012 datert 18.12.2012.

Oskespreiing kan godkjennast på høgfjellet og i sjøen/havet. Det er no opna for oskespreiing i elvar, vassdrag og øvrige ferskvatn i område med tilstrekkeleg aude preg. Videre kan det no bli gitt løyve til at urner av lett oppløyseleg materiale kan senkast i sjøen framfor at oska blir spreidd på sjøen/havet. Løyve til spreiing i sjøen/havet bør likevel ikkje bli gitt dersom det er mykje båt/fritidstrafikk i området, eller der det er strender med mye busetnad i området. 

Det vert ikkje gitt løyve til å spreie oska i nærleiken av familien si hytte, då ein slik sted kan få karakter av ”privat gravstad”, jf. ovannemnde rundskriv. 

Søknad/løyve når personen er i live

Løyve til spreing av oske kan gjevast medan ein person framleis er i live. Vedkommende sender då ein søknad til fylkesmannen, der ein angir den konkrete staden ein ønskjer oska spreidd. Søknaden må ikkje grunngjevast.

Søknaden må vere underskriven og datert, og fødselsnummer/personnummer, 11 siffer, må oppgjevast. 

Søknad/løyve når personen er død

Det er den/dei som sørgjer for gravferda som kan søkje om å få spreie oska når det vert godtgjort at avdøydde ønska spreiing. Føreligg det ikkje underteikna og datert erklæring frå avdøydde med ønskje om spreiing av oska etter seg, må det bevitnast av to personar at dette var avdøydde sitt ønskje. Dei to personane som skal bevitne dette, må skrive under på bevitninga med fullstendig navn, fnr., adresse, og kva relasjon dei hadde til avdøydde. Den konkrete staden der ein ønskjer oska spreidd må spesifiserast, og dato for når vedkommende døydde.

Ved oskespredning er det ikkje høve til å få sett opp gravminne eller namn på minnesmerke på gravplass, men det er no opna for at det kan vere kyrkjeleg medverknad ved sjølve oskespreiinga, men det er ikkje ei plikt for prest eller anna kyrkeleg tilsett å medverke.

Her kan du laste ned søknad om oskespreiing: